Friday 15 August 2014

Skriving som danning mellom felleskap og sjølv


Laila Aase er mellom dei som i størst grad har tematisert danningsomgrepet i norskfagleg samanheng. Eit av dei seinare bidraga hennar (2012) er ein artikkel som viser korleis skriveprosessar kan verka dannande, både som kreativ utfalding og som utvikling av klar tanke- og argumentasjon. Utgangspunktet er at vilkåra for danning har endra seg på mange vis i det seinmoderne samfunnet. Mange verdiar, oppfatningar og fellesskap, set me i dag spørjeteikn ved, der dei før blei oppfatta som sjølvsagde. Individa er nå opptekne av ei stadig refleksjon omkring både seg sjølv og omverda - og over kva normer og vurderingskriterium som gjeld (A. Giddens). Dette vil likevel ikkje seia at det er umogleg å tenkja inn felleskapen (Svend Brinkmann) - men for skulen tyder det uansett at felleskap og danning er truga. I motsetnad til tidlegare tider er den einskilde fristilt tl å akseptera eller forkasta dei verdiane og den kunnskapen som skulen formidlar. Skulens utfordring blir likevel å halda fast ved formidling av viten, ferdigheiter og dømmekraft/skjønn (Aristoteles: episteme, techne, phronesis).

Når Aase skisserer danningspotensialet i skriving, tek ho særleg utgangspunkt i danske Ellen Kroghs formidling av Michel Focault - og denne filosofens omgrep sjølvomsorg/sjølvforvaltning (le souci de soi). Foucault interesserte seg for både subjektet sitt rom for utfalding og for dei restriksjonane som kultur og samfunn representerer. Den einskilde kan her ta i bruk ulike teknikkar eller teknologiar som opnar for både sjølvrefleksjon, omskaping av sjølvet - og for sjølv-kontroll. Skriving er ein slik sjølvteknologi, og den kan utvikla personlegdommen gjennom både sjølvrefleksjon og kunnskapsutvikling.

Skrivinga har ei dionysisk (eller labyrintisk), leikande, eksperimenterande side,  og ei apollinsk side som er strangare - der individet gjennom systematisk tenking kan læra seg å meistra dei kompetansane samfunnet krev. Det er ikkje tale om ulike sjangrar - meir ulike aspekt ved skriving. Med greske førebilete meiner Foucault at skrivaren kan utvikla seg og forvalta seg sjølv gjennom føring av ulike former for notatbøker - der ein kan samla tankar, sitat, ulike "praksisar" som individet kan nytta i omforminga av seg sjølv. Det er ikkje tale om privat skriving, men heller innsikter og diskursar som i neste omgang kan nyttast i utforming av eigne tekstar. Aase viser til at slike "hefter" var i bruk i Noreg i katedralskulane på 1800-talet. Men kunne ho ikkje også drege liner fram mot våre elevers logg-skriving - eller kanskje blogg-skriving, på sitt beste?

Denne forma for skriving vil kunna formidle mellom individet sin stadige sjølvrefleksjon og omsynet til fellesskapen. Danninga av sjølvet vil då gå i interaksjon med samfunnet - ein vil kunna tenkja inn "den andre" sitt perspektiv i eigne tankar og haldningar. Gjennom både dionysisk og apollinsk skriving, prøver individet ut eit mangfald av stemmer som utgjer kultur og fellesskap, og blir til slutt eit subjekt ved å finna sine stemmer - eller gjera dei til sine eigne. Det er altså tale om ei meiningsskaping som skjer både som eins eigne tankar og som resultat av kulturmøter. Aase meiner slikt syn på skriving kan gje grunnar for skulens breie sjangeropplæring. Elevens skriving kan her vurderast både som eit eksistensielt prosjekt og som "tematisering av skriverens individualitet og hans forhold til verden"


Kjelde: Aase Laila: "Skriveprosesser som danning". I Synnøve Matre, Dagrun Kibsgaard Sjøhelle og Randi Solheim (red): Teroier om tekst i møte med skolens lese- og krivepraksiser. Universitetsforlaget 2012.

No comments:

Post a Comment