Tuesday 12 August 2014

Lesing som framanderfaring (I)

For at me skal fungera i fellesskap med andre, er me avhengige av å kunne forstå menneska rundt oss - korleis dei føler og tenkjer og kva som kan vera grunnane til  at dei oppfører seg som dei gjer. Slik forståing utviklar me i vekslande grad, det er tale om ei form for empati - å kunna setja seg inn i korleis det er å vera i andres sko. Her er ulike teoriar om korleis me klarar dette, ein teori går under nemninga "theory of mind". Her ser ein føre seg at me ut frå gjensidig merksemd, blikk-kontakt, mimikk og liknande, føretek eit heilt kompleks av slutningar - og lagar ein "teori" om kva som går føre seg i andre menneske. Den såkalla simuleringsteorien forklarar evna vår til å leva oss inn som mentale prosessar me køyrer når me ser og opplever andre. Denne teorien er stykt av oppdaginga av såkalla "spegel-nevronar". Desse blir fyrte av i hjernen når me observerer andre, og gjer oss i stand til å simulera andres kjensler og handlingar. Dei to forklaringsmåtane står truleg ikkje i motsetnad til kvarandre, men simuleringsteorien er særleg interessant med omsyn til lesing. Mykje tyder nemleg på at me simulerer nett på denne måten også når me les om andres handlingar og kjensler. Når helten opplever sterke kjensler, eller handlar på ein særleg måte, opplever me det nesten som om det er oss sjølv.

Dette kan styrka ei utbreidd oppfatning om at litterær lesing er særleg eigna til utvikling av lesarens empati, og gjerne då med dei eller det som er framandt og ukjent. Litteraturen er også eigna til å øva lesaren opp i forstå og meistra ulike konfliktsituasjonar og dilemma, utan at det eigentleg er alvor på same måte som i røynda. Ein får øvt seg, men på den avstanden som fiksjonen gir. For skulen og for læraren, er det interessant at slik verknad av litterær lesing slett ikkje er lett å dokumentera, og den er også omstridd. Likevel ser det ut som litterær lesing - nytta i ein undervisningssamanheng, verkar sterkare på eleven med omssyn til personleg vekst, innsikt og forståing. Altså vil det ikkje bare være viktig kva slag litteratur eleven les - men kva slag utforsking, samtalar og diskusjonar som går føre seg før, under og etter lesinga.

Oppfatninga av litterær lesing som ei eiga form for framanderfaring, finn ein innan såkalla resepsjonsteori (som interesserer seg for korleis lesaren realiserer teksten som mental oppleving). Den svarer også til oppfatninga innanfor såkalla kognitiv poetikk eller stilistikk. Når me les trer me ikkje bare inn i ei anna verd, gjerne til fjerne kulturar eller tider, men me flytter oss også over i dei litterære personane sine synsvinklar og mentale univers. Dette gjer opplevinga autentisk, samtidig som her er ein fare. Det er avgjerande viktig at lesaren også er i stand til å oppretthalda eit medvit om skilje mellom røynsom og fiksjon - og ein kritisk distanse til både framstillinga og til eiga og andres oppleving.

Det er opplagt at me kan velja litteratur som i stor grad speglar vår eiga verdsoppfatning og våre eigne verdiar - eller me vel å lesa på denne måten. Men litterære tekstar kan også utfordra dei vanlege tenkjemåtane våre, og få oss til å utvikla nye verdiar og nye måtar å forstå, litteraturen kan fungera både forsterkande og fornyande på etablerte, mentale skjema. Også her vil det vera avgjerande ikkje bare kva for tekstar me les - men korleis, og kva slag lærande fellesskap om omgir lesinga. Det bør vera tilfredstillande for læraren å innsjå at her er læraren sjølv viktig aktør, både som leseinstruktør, modell for utforskande lesing, og som premissleverandør og støtte for dei samtalane og den læringskulturen om omgir lesinga. Kva læraren gjer eller ikkje gjer, vil utgjera ein viktig skilnad.

Kjelde: Litterær analyse og undervisning (Drangeid 2014), kap. 3: Lesing som fremmederfaring.

No comments:

Post a Comment